Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Meteorologisk institutt har i dag sendt ut varsel om kraftige vindkast for perioden fredag kl. 13.00 til laurdag kl. 07.00.

Vindkasta er venta å verta svært kraftige, på gult nivå, i grenselandet til oransje farenivå.

Vinden vil vera sterk både på kysten og i innlandet.

Det vert tilrådd å sikra båtar og lause gjenstander som trampoliner og bosdunkar.