Diakoninemnda inviterer til ny tur og kjem med litt informasjon.

Tysdag 18. september kl 09.00 går det buss frå Fitjar sentrum og reisemålet er Haaheim Gaard. Der vert det servert middag. Pris pr. person blir ca 800 kroner. Fleire opplysningar kjem seinare. Du kan melde deg til kundetorget i Fitjar Rådhus.

Turen er open for alle. VELKOMMEN!

I reklamen for Haaheim Gaard kan ein blant anna lese følgjande:» Opplev ein kulturgard med hestar og høns. I tunet ligg eit gammalt sveitserhus med ein koselig restaurant i kjellaren, og ein interiørbutikk i fransk landstil i bestestova. Anlegget ligg i ein stor kulturhage. Der er det små vegar som går innmed bøkehekkar og rhododendron-alléar. Dei smyg seg forbi bed med mange hundre rosetre. Vegane fører til små lysthus og paviljongar. Utescenen er open for teater og konsertar. Når luren gjallar i fjella, er middagen servert: heimelaga mat med lokale råvarer. Eller kanskje ein berre vil nyte nokre heimelaga kaker med nylaga saft og syltetøy.»

Haaheim Gaard fekk bygdeutviklingsprisen i Norge 2011.