Då Fitjar møtte Stord til sjuarkamp i regnet laurdag ettermiddag, fekk me sjå mykje fin fotball.

 

No vil sikkert ikkje 6-4 i sjuarfotball gå inn i historiebøkene, men for den som liker idrettsglede og fine prestasjonar, var gårsdagens kamp ein liten godbit.

Kampen gjekk i 16-årsklassen, men dei fleste Fitjar-gutane er yngre. To trettenåringar og ein fjortenåring var med og sette sitt preg på kampen, spesielt fjortenåringen Daniel Skarpnes. Han kom innpå mot slutten av første omgang, men rakk likevel å scora heile fire mål!

Dei to første måla blei scora av Markus Tislevoll. Begge desse målscorarane må vera blant dei største talenta i Fitjar for tida. Og tilhøyrer sikkert morgondagens menn i Fitjar-fotballen, men det gjer nok fleire andre i denne lagoppstillinga:

Ruben Træet, Marius Storebø, Børge Koløen, Arild Fitjar Waage, Børge Skaar, André Lønning, Markus Tislevoll, Daniel Skarpnes, Leander Reigstad, Jone Nysæther.

Daniel Skarpnes scorar i kjent stil. Foto: Kjetil Rydland.


Tomålsscorar Markus Tislevoll i skotet for Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.


Midtbanespelar Arild Fitjar Waage på 15 har allereie vore innom A-laget til Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.