Denne ”kystkabareten” tek i store trekk for seg livet ved havet i kvardag, fest, sorg og glede.

Framsyninga rommar humor og skjemt, men og det djupaste alvor. Gjennom mykje god song og musikk vert det ville, men vakre kystlandskapet skildra. Likeeins folket som bur og har sitt virke her, både no og i farne tider.
Kystkvinna, sjømannen, fiskaren, losen, førstereisguten; alle har dei sin plass i dette biletet.

Det same har draumen, og ikkje minst kjensler som kjærleik, lengt, sorg og glede.

I tillegg til det musikalske, vert små tekstar sette inn for å binda dei ulike avdelingane saman, og for å gi publikum eit betre innblikk i kva tankar me har med dei ulike songane.

Alt dette må vel i høgste grad kallast kystkultur, og er hovudingrediensane i ”kystmåltidet” som Kysttrubadurane serverer.

Knut Vika m/fl. ønskjer vel møtt til ei triveleg stund!

 

Kultursalen, Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, 24.03, kl. 19.00, pris kr. 150,-