Folk har opplevd både frelse og lækjedom på møta med Svein Nordvik med team i Øvrebygda. – All ære til Gud, seier Karen Helland som har opplevd at smerter som ho har slite med i 35 år no er borte.

– Smertene var der meir eller mindre heile tida. Verst var det i vêromslag og på nattestid. Dette gjekk ut over svevnen og var til tider mest ikkje til å halda ut, seier ho, og fortset: – Eg gjekk på smertestillande og prøvde mange typar, men dei hjelpte berre ei stund. Så, torsdag kveld, vart eg bedt for av Svein Nordvik, og sidan har eg ikkje hatt smerter, verken om natta eller dagen, sjølv om det har vore vêromslag, seier ei strålande og takksam Karen Helland til fitjarposten.no

Ei annan kvinne steig vitna om at smerter ho hadde hatt i armane i det siste heller ikkje var der lenger.

Endå sterkare er det at fleire personar teamet har hatt kontakt med i dag, har sagt ja til å bli bedt for til frelse. Og på møtet i kveld var det òg nokon som gav teikn til at dei ønskte å bli frelst, då innbydinga til det vart gjeven frå talarstolen.

Møtet var elles svært enkelt opplagt. Etter ei kort opning og endå kortare kollekttale, tok Nordvik og teamet hans over med frisk song, levande vitnemål om kva Gud gjer i dag – og tale av Nordvik sjølv.

Han fokuserte på bøna si makt og understrekte svært sterkt at ingen ting kan lukkast i Guds rike om ein ikkje ber, og at ein kan, som eit barn av ein kjærleg far, be om kva som helst.

På slutten av kvelden, etter at møtet offisielt var avslutta,  var det forbøn med handspålegging for dei som ønskte det. Og mange nytta seg av høvet til det i kveld også.

Neste møte er søndag kl. 17.00 på Øvrebygda skule.