Fitjarposten har fleire gonger skrive om den farlege ilandgåinga på Sandvikvåg. No har Statens vegvesen inngått ein mellombels avtale med fitjarbuen Erlend Helland.

Helland som driv skyss med minibuss, skal stilla ein denne til disposisjon til bruk på dei mest travle anløpa om morgon, ettermiddag og kveld for å køyre folk i land frå ferja.

Erlend sin minibuss vil då stå heilt fremst i ferja, og passasjerar utan bil som skal av på Sandvikvåg eller Halhjem skal då gjera som kystbusspassasjerane gjer: Ta plass fem minutt før ferja legg til land. Så vert dei køyrt i land og sett av på rett side, der bussane og dei parkerte bilane står. Deretter køyrer Erlend om bord igjen som første bil før dei andre bilane blir sleppt inn på ferja.

– Kan du gjera dette du som har skuleskyss og anna?

– Nei, ikkje heile tida. Men dette gjeld heller ikkje heile dagen, berre når trafikken er størst. Eg kjem til å kjøpa inn ein brukt bil til dette føremålet, og dei tidene eg ikkje kan køyre sjølv, vil eg nytta andre til å gjera det, seier Erlend Helland som gjerne ser at folk tek kontakt om dei kan tenkja seg ein slik deltidsjobb.

Denne mellombels ordninga startar 1. mai.