Kundane er svært godt fornøgd med Post i Butikk på Fitjar. Det viser ei kundeundersøking som er utført i haust.

-Når det gjeld personalet si innstilling, vilje til å hjelpa og kunnskapar om produkta, skårar Post i Butikk Fitjar heile 95 prosentpoeng. Det er eit enormt bra resultat, heilt i toppsjiktet i landet, skryt distriktsjef for Post i Butikk for Bergen og Sunnhordland, Svein Thomassen, til fitjarposten.no

-På «generell kundetilfredshet» er resultatet òg svært bra, legg han til.

I dag vart dei gode resultata markert med kake til kundane, og med distriktssjefen til stades.

Butikksjef for Larsen Multihandel, Vidar Larsen, gled seg òg over resultatet, og sender rosande ord vidare til medarbeidarane sine: -Dei er svært gode, seier han.