Fitjarposten har teke turen rundt Melen i dag, ei umåteleg fin naturoppleving.

Me fekk ha naturen nesten heilt for oss sjølve, då me gjekk inn Sølio og rundt Melen på islagte vatn i dag. Ikkje eit einaste dyr såg me, og knapt eit haraspor. To mann på veg utover Inste Sølivatnet på tur heim frå overnatting i Kongsskogen var dei einaste me snakka med. På Melsmyrane såg me to spreke syklistar; me får berre vona dei visste å passa seg for issvullar og blindhålkje. Risikosport spør du oss!

Den verste utfordringa i fjellet i dag er blindhålkjen, eit tynt lag snø dekkjer små og store issvular. Derfor kan det vera lurt å ha broddar på skorne, eller gå i lyng og gras ved sida av stien. Isen på vatna verka meir enn trygg nok, iallfall på Ytste og Inste Sølivatnet og Kongsskogvatnet. Klovskarvatnet er me meir skeptiske til; her er det ofte open råk midt utpå vatnet sjølv om det er tjukk is langs land. Derfor valde me å gå langs nordsida av vatnet, tre meter frå land. Der var isen over 20 cm, og meir enn trygg nok for oss.

Dersom du lovar å vera forsiktig på Klovskarvatnet, ønskjer me deg velkommen etter. God tur!