Inspirert av ei lysing frå turlaget i lokalpressa innleidde sportsredaktøren helga med ein tur til Melen i det fine vårvêret.

Det er Stord Fitjar Turlag som planlegg tur til Melen førstkommande søndag, og Fitjarposten kan slå fast at det slett ikkje er nokon dårleg idé. Underlaget er fast og fint å gå på etter mykje fint vêr dei siste vekene. Sjølv om vêret skulle vera varmt nok for shorts og andre lette klede, foreslår me langbukse og gode sko, med tanke på flått og andre ubehagelege kryp.

Melen ligg fritt og fint til som ein pyramide heilt sør i Fitjar kommune, med god utsikt mot Stordafjellet i aust og Fitjar og havet i vest. Dei som har vore der før, veit at det er vel verdt å ta turen. Me rår også andre til å vitja denne fine fjelltoppen på 499 meter over havet. God tur!