Nedanfor følgjer ein del meldingar frå Fitjar frivilligsentral.
Bading i basenget på Rimbareid
Minner om at det er bading ved bassenget Rimbareid skule i dag og neste måndag (siste 10.12.)
Bassenget opnar på nyåret 7.januar.
Julefest for einslege i Fitjar
Frivilligsentralen kan melda om stort engasjement blant folk i Fitjar når det gjeld annonsert julefest for einslege.Dagleg leiar ved Frivilligsentralen og frivillig Hrafn Thorsteinsson har fått henvendelse frå mange som ønskjer å gje eller bidra i forkant av julefeiringa.Vi har fått tilbod om lefser, lokale, praktisk hjelp i forkant, penger, m.v.Dette har tydelegvis engasjert mange – og vi reflekterer at om det ikkje melder seg nokon som har behov for ei slik julefeiring, har vi oppnådd å vekkja tanken om å dela med andre. Og det er ingen tvil om at fitjarbuen innehar denne gode eigenskapen !
Minner om frist for påmelding for dei som ønskjer å vera med på ei slik julefeiring: 6. desember
Frivilligsentralen har ope måndag – torsdag, så det er berre å ringe eller stikke innom og melda deg på!
Telefon 53 49 90 91 (kontor i Kultur-og Idrettsbygget).
5.desember – Frivillighetsdagen!
FN har utropt 5. desember til verdas Internasjonale Frivillighetsdag.
Bruk denne dagen (og sjølvsagt andre dagar) til å gjera noko kjekt for andre – stikk innom naboen, eller besøk nokon du har utsett lenge, hjelp nokon med eitkvart….
Det er òg fint å gje alternative julegåver:
Lag eit pent kort der du for eksempel gir bort:
– ein skogstur /fjelltur
– ein helgevask
– ryddesjau i garasjen/kjellaren
– ”piknik” i skogen….eller liknande…..det er berre fantasien som stoppar deg, og dette koster ikkje pengar.
Nordmenn er verdsmeistrar i frivilligheit ! Det å gjera noko for andre kan vera ein god investering i sosial kapital for deg sjølv!