Fitjar Kraftlag sende kl 16:13 i dag ut meldinga som du kan lese nedanfor.

 

«Me har feil på høgspentnettet på Øyane/Brandasund, men vêrforholda gjer at me ikkje får lokalisert denne. Det vil ta tid før ein har gjenoppretta forsyning til desse områda. 

Det er straumlaust på austsida av Fitjar mellom Årskog og Eide, og på vestsida av Fitjar. Det vert jobba med å få lokalisert feila. Uvêret gjer arbeidet vanskeleg og utfordrande for vårt mannskap. 

 

Dersom du observerer trefall eller lysglimt på linjer, bes du ta kontakt på feilmeldingstelefon: 53 49 76 10.»