Vinterdag på Øvrebygda skule. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

FAU ved Øvrebygda skule ynskjer å skapa ein marknadsplass for vinterutstyr og –kle, og inviterer folk til å selja eller kjøpa på loppemarknad.

– Mange har nok opplevd at vinteren kjem brått, og den dagen må alt av utstyr til vinteren vera på plass. Det er gjerne då ein opppdagar at vinterdressen er for trong, skoa for små og skia for korte, og me veit at det vert dyrt å kjøpa nytt kvar sesong, skriv FAU ved Øvrebygda skule.

Dei tok nyleg opp problemstillinga, og fann ut at dei ville gjera noko med det. Difor inviterer dei til loppemarked 24.november frå kl.13.00.

– Alle som har vinterutstyr, vinterklede, julekle eller liknande dei ikkje har bruk for lenger, vil denne dagen få høve til å selja ved kvar sitt bord i gymsalen. Heilt gratis, opplyser FAU.

Du kan bestilla bord ved å senda ein lyd til 975 18 913, eller ved å senda ein lyd til Mette Haldorsen på messenger.

– Hiv deg rundt! No kan du nytta høvet til å få rydda på loft og i kjellar. Bli kvitt tinga du ikkje treng lenger, og kanskje ten deg ein liten  slant. Spar tid, pengar og ikkje minst gjer ein innsats for miljøet. So meld deg på, oppfordrar FAU, som håpar å sjå deg der.

- Annonse -