Tre ivrige aspirantar på miniatyrskyting, f.v. Imre Havn, Erik Helland Gjøsæter og Malin Navdal Vik. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Miniatyrskytinga startar opp att den 9.september. 

Det blir miniatyrskyting i kjellaren på Fitjartun igjen frå veke 37.

Påmelding til Kristian Isdahl (tlf: 41 54 11 98) eller Bente Fitjar (tlf: 97 00 53 08)

– Meld frå om kva dag og kva kl.slett du ynskjer å skyta. Du kan velga mellom måndagar, tysdagar eller onsdagar, mellom kl. 17.00 til 19.00, fortel Bente Fitjar.

Miniatyrskytinga held på i 8 veker (utanom haustferien). Dei 5 beste resultata vert teljande ved pokal-tildeling.

Skytinga kostar Kr. 150 for medlemar, og 200 for ikkje-medlemar

– Alle kan bli med på miniatyrskyting, berre meld deg på innan tysdag 3.september kl.20.00, fortel Fitjar.

- Annonse -