Håkonarspelet og Moahagen passar saman som hand i hanske. Det kan me slå fast etter å ha sett «Kongen med Gullhjelmen» framført der, både på dagtid og i spennande scenisk kveldslys.

Med ei slik ramme vart det på mange måtar eit heilt anna spel enn tidlegare. No vart me i mykje sterkare grad enn før tekne rett inn i vikingstida, både i kvardag og fest. Paul Ottar Haga fortener mykje ros for måten han har levandegjort spelet på. Likeeins Bjørn Haaland som har vore primus motor for det heile.

I dagslyset kom alle gjeremålsstasjonane meir til sin rett enn i kveldslyset. Likeeins slagscenene. Likevel er det mest alltid noko spektakulært med førestilling i kveldsmørke.  Slik òg i går kveld.

Ekte og fortent fagnad frå publikum møtte aktørane både etter skuleframsyninga i går føremiddag og kveldsframsyninga som starta kl. 22.00 i går kveld. Ei imponerande og flott framsyning. Heilt klart mellom dei aller beste, og sjølv om ikkje alt var betre enn før, var det mykje som var nettopp det. I det heile var kanskje denne framføringa den scenisk beste nokon gong, sjølv om ein gjerne kan diskutera om slaget skal stå nærmare publikum og om dei daglege gjeremåla kan gjerast meir synlege i mørkret.

Paul Ottar Haga som Håkon den Gode var annleis enn tidlegare. Me såg når han var sint utan at han sa noko, og virka ekte i rolla si. Men han framstilte ein kong Håkon som var veikare og mykje meir redd for å ta kampen opp mot gamletrua enn vi har sett han før. Men med omsyn til Tora kongsdotter sitt giftarmål, var han  såvisst tydeleg nok. Solid spel uansett.

Johanne Fangel Brekke virka truverdig i rolle si som Tora Håkonsdotter, og kjærasten hennar i stykket, Bjørn Svarte, alias Theodor Drønen, kom godt i frå oppgåva si. Det gjorde så absolutt òg Terje Træet i rolla som Kisping og ikkje minst Brynjar Stautland som Olmod Årmann. Måten han stod fram på, med mynde som årmann og med naudsynt respekt overfor kongen, sjølv om han våga å bera fram meiningane sine, gjorde at me trudde på han.

Sjølv om det berre er Paul Ottar Haga som er skodespelar på heiltid, er det vanskeleg å kalla fleire av gjengangarane for amatørskodespelarar. Det har vore med i mange år og lytta til instruksjon frå mange instruktørar. Ein teaterskule er vel det òg. Det var i alle fall ikkje mykje amatørmessig over verken spelet eller aktørar som Ann-Sofie Drønen, Martin Hatlevik, Tom Rydland, Sissel Jørgensen, Svein Kåre Meling, Kjetil Rydland, Bjørn Haaland,Torhild Andersen og Annvald Tufteland. Me er rett og slett imponert.

Nye folk som Anne Karin Nilsen (Jorunn Skjoldmøy), Henning Wickmann (Alv Askmann) og Ole Andre Westerheim (Bjørn Kvite) skal det bli svært spennande å følgja vidare. Dei tilførte alle noko nytt til spelet. Håkon Sæbø gjer ein god jobb som Broder Jatmund sjølv om rolla hans er kraftig skåre ned.

Så kunne me nemnt alle statistane. Fantastisk bra jobba. Tidlegare har Kisping og Udna Fiskereke stått for humoren i spelet. Denne gongen fekk Udna (Sissel Jørgensen) med seg Jorunn Hernes, som ikkje berre spelte bondekvinne, men heiv seg på Sissel sine ablegøyar. Dei to kokte verkeleg godt i lag, og kanskje bør dette utvidast.

Me må vidare nemna unge Sverre Fangel Brekke som hadde ein svært viktig og ny rolle i spelet, til trass for sin unge alder. Han òg tilførte spelet ein ny dimensjon.

Musikken var flott. Solosongane og lyden òg. Skal me koma me eit ønskje til slutt må det vera at det blir meir trøkk i einskilde av fellessongane. Til dømes avslutningssongen. Den datt litt i hop om me samanliknar med tidlegare framføringar.

Men altså: Solid jobbing på alle felt.

Det er berre å gratulera!