Oddrun Børtveit i øvre Fitjarstølane gler seg over at det no vert gjort grøfterens i feltet. – Men det løyser ikkje mitt problem, seier ho til fitjarposten.no.

Problemet Børtveit står overfor er at vatn frå skogen kjem rett inn i hagen hennar. 

– Ei natt i vinter gjekk bekken i skogen overfor meg over sine breidder, fossa inn i hagen og inn kjellardøra hos oss. Heldigvis vakna me og fekk vekt sonen vår som sov i kjelleren. På høg tid. Eit par minutt seinare gjekk ikkje dørene opp lenger. I kjellaren stod vatnet 24 cm opp etter veggen, i garasjen 36 cm, fortel Børtveit. 

Ho meiner at ansvaret ligg på Fitjar kommune. – Dei hadde i si tid ansvaret for utbygging av feltet, med tilrettelegging av veg, vatn og kloakk og gjorde òg den gongen tiltak for å hindre nedsig av overflatevatn frå skogen. Men dette arbeidet ser ikkje ut til å ha vore godt nok. Såleis har kommunen tidlegare utført utbetringsarbeid i området. Eit brev frå Fitjarstølane Vel ved Birgit Hobæk, datert 10.10. 2011, som tek opp den aktuelle problemstilinga, er det ikkje kome svar på. Og Børtveit fortvilar. Sjølv på vanlege regnversdagar er det så ille som biletet ovanfor syner. Når regnvêret verkeleg slår til, er det altså skrekkeleg gale. 

Når det gjeld den spesielle hendinga i vinter har Børtveit sitt forsikringsselskap har sendt regresskrav til Fitjar kommune. Dette er no ei sak mellom kommunen sine advokatar og forsikringsselskapet.

Fitjarposten har førelagt saka for Tore Nesbø og Gisle Vik i Fitjar kommune. Når det gjeld kommunen sitt ansvar vil dei avvente resultatet av regressaka før dei uttalar seg. Det same gjeld svar på brevet frå Fitjarstølane Vel. Men dei vil diskutere kva som kan gjerast for å bøte på tilhøva.

Nå det gjeld Oddrunn Børtveit sitt problem kan kommunen av ovannemnde grunn heller ikkje love direkte tiltak, men Gisle Vik seier til fitjarposten.no at han vil ta kontakt med Børtveit og gje anbefalingar om mogelege løysingar av vassproblemet hennar.

 

 

 

I