Sparebanken Vest sitt gåvedryss kjem og O-gruppa til gode. I dag fekk dei 40 000 kr frå banken.

– Dette er òg eit ledd i Sparebanken Vest si satsing på «Investering i vestlandsk skaperkraft», og det er ei glede for oss i Sparebanken Vest å gi denne gåva til nye orienteringkart i kommunen, sa avd. banksjef Ingrid Vestbøstad ved utdelinga.

Rolf-Atle Rolfsnes sette sjølvsagt stor pris på stønaden frå Sparebanken Vest.

– Ei svært god hjelp til dekking av eit dyrt prosjekt, sa han.

Kart til 200 000
Heile prosjektet har kosta over 200 000 kroner, og i tillegg til stønaden frå banken har ein og fått spelemidlar. Like fullt har det vore ein stor sum å dekkje inn for laget. 

Om dei nye karta får me vite at ein no snakkar om nye kart over Fitjarstølane og Tveitafjellet.

– I praksis har me utvida MIdtfjelletkartet til å dekkje Fitjarstølane og områda sørover til Botnavatnet og Tveitafjellet. Kartet ligg føre digitalt – og ein kan ta utsnitt av det området ein vil, seier Rolfsnes. Han fortel at dei har jobba med dette eit års tid, med god hjelp ifrå ein spesialist på dette frå Førde.

– Begge dei nye karta vil vere aktuelle i sesongen som kjem, seier Rolf Atle Rolfsnes til slutt.

Ingressbilete: Rolf-Atle Rolfsnes og Ingrid Vestbøstad. Foto: Håkon C. Hartvedt