Elevar på Barn- og ungdom og «Fleksibel» på Fitjar vgs er allereie i gang med å samla inn pengar til prosjektet sitt i Ukraina.

I det siste har dei selt kaker og karamellar på Stord, og fitjarposten møtte lærar Sissel Jørgensen og Fvgs-elev Silje Johansen i ferd med å telje opp resultatet.

– Dette er eit prosjekt som må jobbast fram gjennom skuleåret. Om me skal reise til Ukraina i april/mai, må det vere kvalitet i alle ledd, sier Sissel Jørgensen til fitjarposten.no.

Meir pengar til barneheimen i Bobrinets vil det uansett bli.