Årsaka til driftsproblemet ved Vassverket i Fitjar vart i går lokalisert.

Det syner seg at det er er isdanning på inntaket i Svartavatnet, der inntaket ligg på 28 m djupne. Dykkarar som var nede fekk fjerna storparten av isen, men det er fortsett is i inntaket som ein ikkje kom til å fjerne.

– Det er difor redusert leveringsevne på leidninga frå Svartavatnet til reinseanlegget på Rimbareid, og ein nytttar difor Fitjarvassdraget som reserveforsyning, med inntaksdam i Juvet på Rimbareid.

På grunn av at ein tek vatnet frå Fitjarvassdraget (Svartavatnet, Midtvatnet, Kidnavatnet og Olstjørn) vil ein ha eit høgare fargetal på drikkevatnet enn vanleg. Drikkevatnet vert reinsa som vanleg ved reinseanlegget, og vassprøvar er sendt til mattilsynet.

Det vert jobba aktivt frå kommunen si side med å få i gang normal vassforsyning, seier Tore Nesbø i Fitjar kommune i dag.