Ordførarkandidat for KrF, Harald Rydland, kommenterer nedanfor Høgre sitt utspel i tannhelsesaka. Foto: FP-arkiv/HCH

Høgre fleskar til med tannhelse

Velkommen etter seier me i Fitjar KrF.


Naboen min selde for litt sidan eit større parti med slaktegris.  No trur eg at eg veit kor flesket er havna.

Det ser ut for at heile partiet er kjøpt opp av fylkesordførar Tom Christer Nilsen frå Høgre. Han har dei siste par vekene kasta om seg med feite lovnader som me ikkje har høyrt særleg om tidlegare.  



Det siste er at han har fått stor omsut for tannklinikken på Fitjar som han for ikkje lenge sidan gjekk i bresjen for å leggja ned.  Utspelet, som han har etla til ordførarane i Fitjar og Stord, gjeld å prøva ut nye måtar for å driva den offentlege tannhelsetenesta.

Dette er ikkje noko nytt som Høgre har komme på. Me i Fitjar KrF har lenge jobba for noko slikt, utan at Høgre har vist særleg interesse for saka.  

Temaet er med i KrF sitt program for fylkesvalet og i kommuneprogrammet for Fitjar. 

Me i Fitjar KrF synest det er best å arbeida jamt og trutt med dei gode sakene, i staden for nærast i panikk  å kasta dei fram nokre dagar før kvart val. 



Eg er redd for at Høgre og fylkesordføraren har meir flesk på lager og ber veljarane merka seg dette.



Harald Rydland
Orførarkandidat, Fitjar KrF