Norsk Ornitologisk Forening (NOF) inviterte til hagefugl-teljing siste helga i januar, og via fitjarposten.no vart fugleinteresserte i bygda vår oppmoda til å delta. Korleis gjekk det tru ?

NOF har kunngjort resultatet av fugleteljinga, og kallar det ein braksuksess. Kjøtmeisen er framleis den vanlegaste og mest talrike fuglen i norske hagar om vinteren.Grønfink og blåmeis ligg og høgt oppe på lista. Mange trudde at småfuglane ville få ein knekk denne vinteren, men NOF seier at det ikkje føreligg tydelege bevis på det med unntak av gjerdesmetten. Snø og kulde har truleg ført til at t.d. raudstrupe, gulspurv og svarttrost har søkt oftare inn til foringsplassar enn normalt.Oversikten viser at Hordaland fylke hadde flest deltakarar. Heile 437 hagar var med i registreringa.

Frå Fitjar kommune deltok minst seks personar. Fire av desse registrerte flest kjøtmeisar. 12 ulike artar er det meste som er registrert i ein hage her på Fitjar.

I ein brosjyre gir Norsk Ornitologisk Forening uttrykk for stor takk til alle deltakarar i årets småfugl-teljing og ønskjer velkommen til teljing neste vinter og. Det er viktig å følgje med på endringar blant vinterfuglar i hagen, skriv NOF, som er ein fuglevernorganisasjon.