Ein kveld på Botnavatnet i båt gav lite fisk i stampen, men til gjengjeld ei flott naturoppleving.

Om du er ute etter å fylla frysen med fisk, er nok ikkje Botnavatnet rette staden. Ein tur fram og tilbake til inste enden av vatnet gav berre fem små fiskar, på vel eit halvt kilo, til saman.

Til gjengjeld gav roturen ei flott naturoppleving, fullt på høgd med det du kan oppleva på andre meir kjende turiststader. Medan auren heldt seg nede i djupet, fekk me god tid til å følgja med på ravn og ørn som flaut høgt over oss.

Om du ikkje absolutt må få mykje fisk i ein fart, foreslår me ein tur på Botnavatnet i båt. Ta gjerne med kikkert til å studera fuglelivet, eller gjer strandhogg på den idylliske flaten der elva frå Mosavatnet renn ut.

Alt dette er gratis. Den grøne Pioner-båten, som ligg rett til høgre for utløpet av Botnavatnet, tilhøyrer Fitjar jakt- og fiskelag og er til låns for alle og einkvar. Dei set pris på at båten blir brukt, og at folk er med og drar opp småfisken. Jostein Prestbø seier det er råd å få lånt garn for dei som vil gjera ein ekstra innsats med å få opp småfisk.

På velinformert hald får me opplyst at det er mykje fisk igjen.


Den største fisken fekk god plass inni handa.

Steikt småaure er ein delikatesse, men desse metta ikkje mange.