I morgon, tysdag 11. november,  blir det kolonnekøyring i Bømlafjordtunnelen mellom klokka 20:00 og 23:00.

– Vi har ute eit anbod for entreprenørar som skal gjere sprengingsarbeid i tunnelen. Dei skal vere med oss på befaring i tunnelen i morgon kveld, fortel byggeleiar Tor Kåre Austrheim i Statens vegvesen.

Når entreprenørane er på befaring i tunnelen, må trafikken gå i kolonnar.

– Det blir kontinuerleg kolonnekøyring desse timane, opplyser Austrheim.

Arbeidet med å oppgradere sikkerheita i Bømlafjordtunnelen startar i februar/mars 2015.