Intervalltreningane på løpebanen i Fitjar Idrettspark held fram for fullt.

Dei populære intervalltreningane som gjekk for seg i haust og vinter har ikkje hatt så stor oppslutnad i det siste. Men det har ikkje vore pause; dei ivrigaste har halde det gåande i heile sommar. Det kunne Fitjarposten konstatera onsdag kveld, då me prøvde å måla krefter mot desse sprekingane. Ikkje uventa kom me til kort mot dei åtte ivrige intervallspringarane som trassa regn og rusk og gjennomførte intervalltreninga i fin stil.

Programmet er som før, og Bård Inge Bø ventar større oppslutnad etter kvart som kveldane blir mørkare og surare utover hausten. Deltakarane møter rundt kl. 19.30 på banen, og skal vera ferdig oppvarma klokka 19.40. For då ber det laus. Treninga opnar med nokre stigningsløp på 100 meter før sjølve intervalltreninga. Alle spring i to minutt, før dei tar pause i to minutt; pausen bruker dei til å pusta på og komma seg tilbake til start. Dette gjentar dei seks gonger før dei er ferdige med kveldens trening. På denne måten konkurrerer dei enkelte deltakarane med seg sjølve og spring så langt dei er i form til, samtidig som dei får drahjelp av dei som er betre. Ei svært effektiv form for trening, fortel Bård Inge Bø, som gjerne ser endå fleire på startstreken neste onsdag. 

Informasjon om friidrettsprogrammet til Fitjar IL kan me finna her:

Meir informasjon om fridretten i Fitjar kan me finna på her: