Også i går gjorde fleire Fitjar-utøvarar det godt i Mailekene i Haugesund.

Kastarjentene Oda Rydland og Ingrid Tveita, begge 12 år, gjorde sine saker glimrande i kuleringen. Oda kom på pallen med eit støt på 8,20 m, som gav 2.-plass, medan Ingrid følgte fint opp med 6,98 m og 5.-plass. Grunna det høge deltakarantalet, 21 stk., vanka det premiar på begge jentene. 

10 år gamle Daniel Rolfsnes debuterte på 600 m i stemnesamanheng, og gjorde ein fin figur med 2.19,74. Endå sterkare var nok lengderesultatet på 3,26 m. Begge prestasjonane oppnådde i det ruskete vêret i Haugesund. Ådne Vik (13) bles og regna nesten vekk ifrå sin høgde- og 200 m konkurranse. 1,25 m i høgde er opp mot pers, men Ådne har minst 10 cm til inne, og dei får han ut ved neste høve. 200m gjekk unna på 30,59 sek. Begge desse prestasjonane gav 8.-plassar.