|

Landslaget for nærmiljøskulen meiner Fitjar manglar heimel i kommuneplanen for endring av skulestrukturen, og at dei difor ikkje har høve til å legge ned Selevik og Øvrebygda skular.

Organisasjonen, som har som føremål å kjempe mot skulenedleggingar, har sendt eit åtte sider langt brev til Fitjar kommune der dei argumenterer mot dei varsla nedleggingane av grendaskulane.

– Å endre skulestrukturen, er noko av det mest dramatiske ein kommune kan gjere
mot innbyggjarane sine. Uansett utfall, har vedtaka vidtrekkjande konsekvensar for
born, foreldre, familie elles – og lokalsamfunn, skriv leiar i organisasjonen, Live Herheim.

Det er foreldreutvala og velforeningane ved Øvrebygda og Selevik som har engasjert organisasjonen i saka.

– Blandar lovverk

Landslaget for nærmiljøskulen (LUFS) kjem med skarp kritikk mot sakshandsaminga til Fitjar kommune, og meiner kommunen blandar saman to lovverk i handsaminga av skulesaka; opplæringslova og plan- og bygningslova.

– Desse to saksfelta må haldast nøye frå kvarandre, fordi dei har sine særeigne prosedyrar, gjevne i lover og regelverk. Det føreliggjande dokumentet burde dermed ikkje ha vore lagt ut på høyring.

LUFS peiker på bakgrunn av dette på at Fitjar kommune ikkje har heimel for skulenedlegginga. Dei meiner slik saker må ha heimel i overordna styringsdokument i kommunen, for Fitjar sin del er dette kommuneplanen.

– Alvorleg

Men dei viser til at Fitjar ikkje har ein gyldig samfunnsdel i gjeldande kommuneplan. Den var nemleg sist rullert i 1999.

– Då er det mykje alvorleg, når det viser seg at Fitjar heilt manglar ein oppdatert
samfunnsdel av kommuneplanen, skriv organisasjonen.

Dei åtvarar dermed mot at Fitjar kommune gjer eit forhasta vedtak.

– Dermed heng resten av planverket so å seie i «lause lufta». Kommunen si daglege verksemd kan då lett bli prega av snøgge endringar og politiske kastevindar. Slik skal det ikkje vere.

Skulesjef i Fitjar, John Karsten Raunholm, seier til Fitjarposten at han ikkje har fått lese brevet, og at han difor ikkje har noko kommentar til saka før tysdag.