Etter snart 30 år som dagleg leiar i Fitjar Meieri kjende Odd Bondevik seg endeleg som ein skikkeleg meieristyrar i kveld, då han fekk den gamle separatoren til å verka.

I alle dei år sidan Odd Bondevik kom til Fitjar, har han gått og sett på ein gammal Alfa Laval separator som har stått på meieriet. Den har ikkje vore i bruk sidan Fitjar Meieri la ned ordinær meieridrift. Ved utgangen av desember 1968 blei det slutt på innveging av mjølk på Fitjar. Fra 1. januar 1969 blei mjølka sendt direkte til Bergen.

Saman med Per Drønen har Odd Bondevik arbeidd iherdig dei siste dagane for å få den gamle searatoren til å fungera. Per fortel at han kan hugsa at han såg separatoren i bruk ein gong på 1950-talet. Då var det Katrina Rein, som stod på utsalet til Fitjar Meieri, som separerte mjølk med den gamle maskinen.

Men verken ho eller andre som hadde erfaring med separatoren kunne hjelpa då Odd og Per gjekk i gang med å få den i drift igjen. Litt hjelp fekk dei av Nils Vestbøstad, slik at dei fekk den til å fungera nesten perfekt i kveld. Skummamjølka kom ut i ein fin stråle og hamna i den eine bøtta. Fløyten var det litt verre med. I førstninga gjekk det fint; den rann i ei jamn stråle ned i den andre bøtta. Men då Fitjarposten kom på besøk, såg det ut til at fløyten blei litt for tjukk. Dermed blei han sitjande fast, og blei halvvegs piska under separasjonsprosessen.

No ønskjer ein ivrig meieristyrar hjelp frå andre som har efaring med å separera mjølk. – Dersom nokon meiner dei kan hjelpa, må dei meir enn gjerne ta kontakt, seier Odd Bondevik.

Førstkomande laurdag vil han demonstrera separering under den store haustmarknaden i Fitjar. Odd reknar med at separatoren blir ståande utanfor Fitjar kultur- og idrettsbygg. Då blir det høve til å sjå korleis dei separerte mjølk før i tida.