Som nemnt i går var Fitjar kyrkje open om ettermiddagen for dei som ville tenne eit ljos, be eller berre vere saman for å vise at ein bryr seg når noko trist hender. Tragedien i Oslo og på Utøya er det verste av alt som er vondt i landet vårt no.

Sokneprest Oma nemnde tragedien i starten av gudstenesta i dag,  og eitt ljos vart tent i ljosgloben for dei som er drepne, for dei skadde og for alle pårørande og andre som sørgjer. Seinare fekk også kyrkjegjengarane vere med å tenne ljos. Oma spurde seg sjølv: Kor er det von og trøyst i ein slik situasjon?

I ei salme av Bernt Støylen står det: Kvar skal eg vel av når trengslene stig som eit stormande hav og tvilen og vonløysa trengjer seg inn og legg seg så tungt over tankar og sinn, når jorda kan gjeva meg berre ei grav? Soknepresten nemnde fleire vers og understreka Min Herre og Gud. Du eine kan trøysta di sørgjande brud.  (Starten av fjerde vers). Det vart også minna om kor viktig det er å stå saman, vise omtanke, støtte kvarandre, prate saman.

Og dette vert stadig understreka i media i desse dagar. Tragedien råkar  ein heil nasjon på så mange måtar.

I gudstenesta tala soknepresten over ein tekst frå Lukas-evangeliet kapittel 5, vers ein til elleve, om Peters store fiskefangst.