Fleire media har i dag omtala, og laga relativt store oppslag og innslag om unge fitjarbuar som rusar seg, etter at Utval for oppvekst og omsorg i går sende ut ei pressemelding om dette.
Her er skrivet, og pressemeldinga ifrå utvalet:
Utval for oppvekst og omsorg handsama i møte 21.10.2008 sak 42/08 – Rullering av rusmiddelpolitisk handlingsplan for perioden 2008 – 2012 og kjem i den forbindelse med slik pressemelding:
”Utval for oppvekst og omsorg ser med uro på ordenssituasjonen i Fitjar sentrum nattestid i helgene der ungdom helt ned i 12-13-års alderen er synlig rusa. Ein er vidare uroa over at det i helgene også skjer mykje hærverk. Utvalet oppmoder foreldre og politietat til å ta situasjonen på alvor. Politiet må blir meir synleg i Fitjar i helgane, og foreldre vert sterk oppmoda om å engasjere seg i eigne barn.
Natteravn-ordninga bør utvidast til også kunne gjelde lørdagskveldar og ikkje berre fredagskveldar.”