Innsatsen på ski, spark og akebrett vart avslutta med utdeing av medaljer.

Sist laurdag var det ein flokk på 15 born og vaksne på Helland som hadde det kjekt i snøen. Sola skein og ein og annan fekk nokre fregner i ansiktet.

Dei sprekaste gjekk to rundar i langrennsløypa med startnummer på brystet medan andre brukte spark eller akebrett. Sidan dette var samtidig med OL-start, vart det delt ut heimelaga medaljer til alle som deltok.

At fysisk aktivitet gjer ein svolten, var det ingen tvil om. Nygrilla pølser med tilbehør gjekk ned på høgkant. Den som steikte vaflar på glørne hadde det travelt. Kakao og kaffi på termos og skillingsbollar stod og på menyen.