Det blei fleire personlege rekordar for Tone i UM i Bærum, og sølv på 60 meter og bronse i lengde.

Det blei altså ikkje noko av den «førehandsbestilte» medaljen på 60 meter hekk. Her var Tone klar medaljekandidat, men kom utanfor pallen, med minst mogeleg margin. Men 9,25 er flott ny pers, sjølv om den tida kom i forsøket. 

I staden tok ho igjen på dei litt meir jamne og opne øvingane 60 meter og lengde.
 
Sølv på 60 meter
På 60 meter gjekk ho lett vidare til finalen etter 8,06 i forsøket og 8,07 i semifinalen. I sjølve finalen kasta ho seg inn til tida 8,06 (igjen), tre hundredelar føre nr. 3 og 4. Så her var marginane komne på rett side. Personleg rekord igjen. Suverene Ingvild  Meinseth vann distansen med 7,75. Men ho har ikkje berre ein springarforelder, men to som begge har vore i landslagsklasse.
 
Bronse i lengde
I lengde låg Tone som nr. 8 før femte hoppet, med 4,78 meter, og hadde med det berre så vidt kome seg vidare til dei siste tre hoppa. Ein liten auke i femte omgang førte henne nokre få plassar opp, før ho klinka til med eit kjempehopp på 5,29 i aller siste omgang. Dermed leia ho heile konkurransen i nokre minutt. Før to konkurrentar klarte å svare med høvesvis 5,33 og 5,34. Nummer fire og fem på resultatlista hadde 5,28. Så at det var tett også her, er ikkje å ta for mykje i. 5,29 er endå ein personleg rekord.

– Lengdekonkurransen kom etter 60-metrane. Så å mobilisere krefter igjen i sprintmuskulaturen, er ikkje verst, og viser at Tone har god konkurranseskalle, seier trenar Bård Inge Bø.
 
I høgde var Tone litt meir ein outsider. Men 1,50 og tangering av personleg rekord er svært bra etter ei så hard konkurransehelg. Dette gav henne ein 7.-plass.