Johanne Heggøy og Irene Torvund. Foto: Håkon C. Hartvedt

Då ryggen slo seg vrang, begynte Irene Torvund med handarbeid.  I det siste har toving blitt det store, og no tovar Irene som terapi, hobby – og til glede for andre.

Du har nok sett ho, Irene Karin Torvund, på Fitjarfestivalen, eller hos Larsen før jul, nokre av stadane ho har presentert sine flotte handarbeid. Og ho sel godt. Då me møtte ho i Larsenbygget midt i desember, var det få produkt igjen på salsbordet. Det meste var selt.

Ryggen sa ifrå
– Det var i 1995. 
Eg var nyutdanna hjelpepleiar og treivst med det. Men så kom ryggproblema. Det enda med operasjon og takk og farvel til yrket eg hadde utdanna meg til. 

På Krokeide vart eg omskolert til arbeid med kontor og data, og i denne perioden begynte eg og med handarbeid. Først hekling, så etter kvart strikking, seier Irene, og det finst mange hekla produkt frå hennar hand rundt om i heimane på Fitjar.

Etter Krokeide jobba Irene ei tid i Den norske Bank og på Fylkesskattekontoret i Bergen, før ryggproblema slo til att med slik styrke at ho vart uføretrygda. 

Då vart handarbeida ikkje berre ei hobby. No vart det òg terapi. 

Ein periode var ho på eit opptreningssenter i Vikersund. Der var det ein garnbutikk. – Der vart eg fast gjest kvar dag, og om kveldane hadde eg lag med ei gjeng flotte strikkedamer. Det var inspirerande, og det vart mykje strikking, for å seia det mildt, let Irene.

Montasje i rødt ved Irene.

Oppskrift frå søstera

– Korleis vart det til at du begynte å tove?

– Eg trur det må vere då eg fekk ei oppskrift på tøflar av søster mi.  Og då eg begynte syntest eg det var svært kjekt. Sidan har det blitt ei mengd tøflar, hattar, vesker, pulsvarmarar, sitjeunderlag – og ponsjoar til  to av barnebarna. På tøflar har eg faste kundar, smiler Irene.

Ei spesiell oppleving hadde ho under fitjarfestivalen. Då kom ein mann bort til standen min med ein hatt og sa: – Kan du tove ein slik hatt til meg? – Ja, det kan eg vel, svarte eg, om eg får vite storleiken på hovudet ditt.  – Jo, mannen var interessert, og eg gav han kortet mitt, men tenkte i mitt stille sinn at eg høyrer nok ikkje meir ifrå han. Men han tok kontakt igjen, og eg laga hatt og sende han i posten. Og mannen som er musikar frå Stord, no busett i Bergen, vart svært nøgd. Det inspirerte meg sjølvsagt til å lage fleire hattar, seier Irene Torvund engasjert.

Land og strand
Irene Karin Torvund har så visst ikkje berre sete på Fitjar med handarbeid-stand. Ho har farta mykje omkring i landet med produkta sine, og listar opp stadar etter kvart som ho kjem på dei: Eidfjord, kanaldagane på Bømlo, Berg i Helgeland (ved Brønnøysund), Solidhuset, Randaberg, Karmøy, trebåtfestival i Norheimsund og Tysnesfest.

Ikkje ver redd for å prøve
Når det gjeld toving, meiner Irene at det er berre å prøve. Men ein må nytte rein ull, elles tovar det ikkje. Sjølv nyttar ho «Cortina-garn» til tøflane. Det er sterkt, seier ho – og fortel at ho i tillegg fører på latex til såle.  

Irene handlar mykje hos Ullform i Stavanger, og ho har òg gått to kurs hos dei. I tillegg  finst det sjølvsagt òg bøker om toving. Irene Karin Torvund har lese mange av dei.

Litt meir av Irene sin produksjon.