Johannes Nesse på Stranda har sag og skjer tømmer for dei som ønskjer seg anna enn standardformat. Tømmeret på hengjaren på biletet skal bli til benke- og bordplater. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

– Dette er noko eg gjer innimellom, seier Nesse som likar dette arbeidet svært godt -Å jobbe med saga er eit veldig kjekt arbeid, understrekar han.

– Kan folk kome til deg om dei  vil ha skore plankar i andre format enn dei du finn hos vanlege trelasthandlarar?

– Ja, då kan dei koma til meg. Eg kan skjere alle dimensjonar, seier Johannes.

– Er det mange små sagbruk igjen i dag?

– Nei, det minkar. Tidlegare var det ein god del sagbruk rundt omkring.

-Kva er det som er er så kjekt med å jobba med ved og saging?

-Lukta. Fantastisk god lukt, ikkje minst av furuved, smiler Johannes Nesse til slutt.