Statsminister Erna Solberg fann lett tonen med Bård Sørestrand Andersen, femtegenerasjon Andersen i arbeid på verven i Dåfjorden. Foto: Kjetil Rydland. 

Torsdag fekk Dåfjorden Slipp i Fitjar besøk av statsminister Erna Solberg, som ville sjå på rehabilitering av veteranbåtar ved verven.  

 

I samband med ei større reise langs kysten vår la Erna Solberg turen innom Fitjar, og vesle Dåfjorden. Her ligg eit tradisjonelt skipsverft som feirar 100 år, etter at det blei grunnlagt i 1916 av Albert Andersen og svoger hans, Lars Stokken. 

Statsministeren ville sjå på bruken av den såkalla tiltakspakken, pengar som regjeringa har delt ut til nokon av dei kommunane som ramma av arbeidsløysa. På Dåfjorden Slipp ligg blant andre veteranskipet M/S «Granvin», som blir rehabilitert for pengar frå Riksantikvaren.

Det var ein opplagt statsminister som tok seg god tid til å lytta til små og store i Dåfjorden i dag. Ho blei vist rundt av medeigar og dagleg leiar i Dåfjorden Slipp, Steinar Andersen, som fekk god hjelp av ordføraren i Fitjar, Wenche Tislevoll. 

Erna Solberg nytta høvet til ei omvising om bord på veteranskipet «Granvin». Her avslørte ho god lokalkunnskap, hordalending som ho er. Og Steinar Andersen fortalte om arbeidet. For statsministeren var det godt å vita at det er arbeidsintensive oppdrag han har.

– Midlane skal gå til arbeidstimar, og ikkje store maskinar, sa statsministeren.

Dagleg leiar Steinar Andersen nytta høvet til å forklara litt om drifta av verksemda hans. For tida har han åtte fast tilsette, og i tillegg leiger han inn fagfolk innan elektro, overflatebehandling, røyrlegging og maskinering. Han fortalte at han gjerne tar inn ungdommar som ikkje får annan jobb, og at dei etter kvart blir attraktive for andre arbeidsgivarar. 

Statsministeren såg ut til å trivast på det vesle skipsverftet i Dåfjorden, og tok seg tid til å prata med alle. Også barnehagebarna og naboar frå krinsen kom for å helsa på den sjeldne gjesten. Etter det me kan hugsa, er det første gongen bygda har hatt besøk av ein sitjande statsminister. 

For partifelle og ordførar Wenche Tislevoll var det òg ein god dag. Ho var glad for at statsministeren tok seg tid til å sjå på ei typisk småbedrift.
– Det er viktig for statsministeren å sjå korleis det fungerer, meinte Fitjar-ordføraren.

Ho syntest òg det var kjekt å få profilert lokal Fitjar-mat. På menyen i verkstadhallen på verven stod pølse og hamburger laga av angus og svin frå Helland og Sæterbø. 

Statsministeren sikta nok til serveringa og den avslappa stemninga då ho vende seg til arbeidsfolket for å seia farvel: 
– Ver det ein grei lunsjpause?
– Ja, du må berre komma oftare! var svaret. 


Audun Andersen t.v. er far til dagleg leiar, Steinar Andersen. Her i samtale med ein annan fartøyinteressert mann, rådmann Atle Tornes. Foto: Kjetil Rydland. 


Bilete frå den 100 år gamle soga til verven i Dåfjorden. Foto: Kjetil Rydland. 


God stemning mellom Steinar Andersen, Wenche Tislevoll og statsminister Erna Solberg. Foto: Kjetil Rydland.


Statsministeren tok seg tid til å helsa på ungane frå Dåfjord Barnehage. Foto: Kjetil Rydland.