Når gradene stig er det ikkje berre klorofyll og lam som byrjar å røra på seg. Også båtfolket dukkar opp, anten det er for å gjera båten klar for sesongen, eller dei alt har smurt og vaska seg ferdige.

I småbåthamna i Havn er det for tida ein eim av botnstoff i lufta, og lyden av høgtrykkspylarar understrekar inntrykket av aktivitet. Då Fitjarposten svinga innom laurdag, var det fleire som nytta godvêret til å få båten sin i ship shape.

 Kjell Magnar Helland og kona Ann Helen Eide Helland er travelt opptekne med å vaska og polera den 32 fot store cabincruisaren sin, slik at den tek seg best mogleg ut. Og sjølv om det ikkje berre er fryd og gaman å vaska båten, meiner Kjell Magnar at arbeidet ikkje er noko å kvi seg til, heller. Etter å ha hatt akkurat denne båten i sju år, har han relativt godt kontroll på kva som må gjerast.

Båtsesesongen har alt starta, omtrent i februar, avslører Kjell Magnar. Båten ligg ute heile året, og det er berre på land når den skal spylast og motoren overhalast. Dermed kan han stikka til havs heile året, om lysta og høvet skulle melda seg. Og med både varme og andre fasilitetar ombord, er familien ikkje avhengig av å ha sommardagar for å leggja ut.

– Så det er båten som er den føretrekte måten å feriera på?

– Nei, det er vel heller ein god numer to. Om sommaren er «alle» ute på sjøen, og det kan bli trongt om plassen i vikene. Då er det heller betre å strekkja sesongen; vera ute utover hausten, seier han.

 

Relativt fersk reiar

Gisle Vik er ein av dei andre som har sett av dagen til å vaska båten sin. Han har hatt båten sin i eitt år, og dermed ikkje heilt veit kva som ventar. Med båtpussen no, er han einig i at han må ta dei litt tyngre konsekvensane av båtkjøpet han gjorde i fjor. Men oppgåva går lettare når han tenkjer på dei andre sidene ved båthald.

– Det er kjekt å ha moglegheita til å ta seg ein tur ut i båt. Og når det er fint vêr, er ein båttur det finaste du kan ha, fortel han.

Før han kjem til dei fine båtturane, må båten spylast under. Når båten kjem opp på hengjaren, ser det betre ut enn Gisle hadde frykta. Med fleire andre som held på med akkurat det same, er det alltid råd å få hjelp og støtte.

– Ja, ja. Då er det berre å kle seg om og byrja å spyla, seier han, medan han triv etter oljebuksa, skrur på høgtrykkspylaren og fjernar grønske og sjøanemoner frå skroget så det sprutar etter.