Klasse 4a ved Rimbareid skule har vore på seiltur med "Seladon", og sendt oss både tekst og bilete.

"Turen gjekk tirsdag 10.juni, og klassen la frå kai tidleg om morgonen frå Fitjar og seilte på vestsida av Stord.

På veg sørover lærte ungane seg sjømannsknuter, shanty-songar med kaptein Einar Matre som forsongar. Dei fekk lov å styre Seladon skuta og storkoste seg. Seladon la til kai ca. 12:00 på Leirvik, og turen tilbake igjen gjekk med buss.

Ungane måtte tåle både regn og vind, utan at det gjorde noko som helst. Ekte sjøfolk kler seg etter forholda, og det gjorde desse unge sjøfolka også.

Sjølv om det var litt kaldt, så smakte det godt med is når klassen var trygt på land på Leirvik. På kaien tok dei ein shanty-song før dei takka kapteinen fint for turen.

Med på turen var også Mona og Jofrid fra skulen, og Trine Tverborgvik  som er klassekontakt, (òg tok bilete frå båtturen) og Gunnar Halleraker, som er ein tidlegare sjømann – og bestefar til Anders som går i klassen.
 
Ungane vil takka dei som gjorde turen mogleg, og rettarein stor takk til kaptein Einar Matre med mannskap. Kaptein Einar Matre var veldig fornøgd med turen og sa at det var mange gode sjømannsemne i klassen:-)
 
 
(Hrafn Thorsteinsson tok bileta fra båten på veg til kai, og bildene på land på Leirvik)