Me treffer Daniel Moldskred då han gjer seg klar til ein ny runde som avisbod.

Han har to bunkar med aviser som skal seljast denne laurdagen. Til saman er det 25 eksemplar av Dagbladet og BA. I dag trur han ikkje at alle avisene vert selde, fordi han er seint ute. Klokka er mellom elleve og tolv, og då har nok nokon kjøpt seg ei avis eller to på butikken. Daniel set pris på levering til rett tid, men  når avisbilen kjem seint, er det ikkje hans skuld.

Då Daniel sykla av stad med avisene på ryggen, hadde han sjølvsagt hjelm på seg. Sals-området er mellom Tislevoll, Koløyholmen og Hovstad, og den ruta syklar han kvar laurdag og søndag heile året. Då me spør om ver og føre er noko hinder vinterstid, seier han nei. Han tek jobben på alvor og er glad for pengane han får. Ofte vert dei sett inn på bankkonto. Daniel tener 7 kroner for kvar avis han får avsetnad på, og samtidig vert det god trim for denne kjekke tenåringen.