Fitjar-jenta Kari Fykse Lie er med på det norske rugbylandslaget som satsar hardt for å kvalifisera seg til OL i Rio de Janeiro i 2016.

I Rio-OL 2016 er rugby tilbake på OL-programmet for første gong sidan 1924, og Kari Fykse Lie er med og kjempar for at Noreg skal kvalifisera seg. Denne helga var Kari med det norske landslaget til Slovakia og spela EM-turnering. Der fekk ho sin første landskamp i rugby. Etter knusande sigrar mot Bosnia Hercegovina, Litauen, Malta og Tyrkia, kom Noreg til finalen. Der blei det tap mot Finland, men andreplassen i turneringa var nok til å rykkja opp eit nivå til EM i 2014. Dermed har dei framleis sjansen til å kvalifisera seg for OL i 2016.

Som dei fleste tør vita, trødde Kari Fykse Lie sine fotballsko i Fitjar, før ferda gjekk til Bergen og toppfotball med Sandviken sine damer. Ho har representert Noreg i aldersbestemte landslag og har blant anna spela cupfinale i Danmark for Skiold. Etter om lag seks år med toppfotball i Noreg og Danmark, har ho gått over til rugby det siste halvåret.

Etter det me forstår, visste ho knapt kva rugby var før ho fekk ein telefon frå ein rugbytrenar i Bergen i september i fjor. Ho kan neppe ha lært rugby i Fitjar, for her har det berre blitt spela ein einaste rugbykamp. På grasbanen Fitjar Idrettspark på føresommaren for tolv år sidan, mellom to herrelag frå Bergen. Men Kari tenkte seg ikkje lenge om då ho fekk tilbodet, og veka etter var ho på si første rugbytrening. Det viste seg at det ikkje var heilt enkelt å kombinera med fotball, og snart blei det rugby for alle pengane.

Første helga i mai var Kari i Bergen og spela nasjonal rugbyturnering for SOS, Sandviken Old Stars. Her blei ho toppscorar for laget sitt mot BSI (Bergensstudentane), Stavanger og Bodø. Men så fekk ho ein kneskade som gjorde at ho måtte stå over siste kampen, mot Oslo. Dermed gjekk ho og glipp av turneringa med eit ”håndplukka» rugbylag i Amsterdam 17.-19. mai.

Men til EM-turneringa 24.-26. mai Slovakia var Kari tilbake for fullt, og bidrog sterkt til at rugbylandslaget held liv i håpet om OL-spel i Rio. Med opprykk til divisjon A i neste års EM, er sjansen høgst levande. Men då må dei bli blant dei to beste, så det er litt av eit nålauga, for då blir motstanden tøffare. Men vonleg er også dei norske jentene tøffare om eit år, og me kryssar fingrane for at me kan få sjå ei fitjarjente i OL om tre år.

.