Regn og tekniske vanskar hindra ikkje Fitjar Racing Team i å henta heim pokalar frå VM-runden i Vikedal denne helga, og som vanleg var det Oliver André Matre og Gisle F. Aarbø som gjorde det best.

Frå laurdag ettermiddag til søndag middag fall det mellom 60 og 80 mm nedbør på banen i Vikedal. Dette sette sitt preg på løpa på fleire måtar. Oliver André Matre i juniorklassen leia B-finalen då han fekk problem med vatn i luftfilteret. Dermed blei det 2.-plass, og han måtte sjå A-finalen frå sidelinja.

Den andre junioren, JonasHeggøy, gjorde det ikkje like bra. Han opna svært godt i dag, og tok starten i det første innleiingsheatet sitt i suveren stil. Men etter vel ein runde rauk gearkassen, og dermed var køyringa over for hans del i dag. Så vidt me forstår, var gearkassen det einaste på bilen hans som ikkje var grundig sjekka før dagens løp …

For Gisle F. Aarbø blei det ei bra helg, etter at han hadde justert motoren på førehand. I går blei han nr. 6 i parallellrace, som er eit alternativ til bakkeløp. Bilane kjører mot kvarandre to og to, og tida avgjer plasseringane. – Dette er mykje kjekkare å sjå på enn vanleg bakkeløp, seier Kjetil Lønning i Fitjar Racing Team. I alle høve gjorde Gisle sine saker bra, og 6.-plassen blant 23 startande er han godt fornøgd med. I dag blei Gisle nr. 16 etter sisteplass i C-finalen. Her hadde han ingen sjanse til ei betre plassering, etter som drivakselen rauk på børneplata før start. Dermed hadde Gisle berre ein ting å gjera, å fullføra og sikra seg pokalen for 16.-plassen.

Jonas Koløen Lønning kom seg vel gjennom løpa i dag, men ymse tekniske problem gjorde at han ikkje klarte å hevda seg blant dei beste. Bilen blei klar rett før helga, og det blei ikkje tid til å testa om alt fungerte som det skulle. Noko det altså ikkje gjorde. Men han fekk vist at bilen har potensial, og han reknar med å koma sterkare tilbake når han får sjekka bilen og gjort den meir stabil. Sterkare tilbake kjem sikkert også Håvard Dalen, som hadde sin debut i bilcross denne helga. Bilen hans fungerte bra, og han får mykje skryt av racingteamet for innsatsen sin i dag, sjølv om han ikkje nådde heilt opp denne gongen.

Neste stopp for bilførarane i racingteamet er Bergen 7. september. Vonleg er både bilane og gutane klare til ny dyst då.