Ungdommane prega verkeleg gudstenesta under Tenmessa i Fitjar kyrkje i dag, og orgelspelet var erstatta med band, der organisten spelte piano i lag med gitar, bass og trommer.

At ungdommane tok del som forsongarar og tekstlesarar var venta. Noko meir overraskande var det at dei tok del i nattverdutdelinga. Men fint gjekk det alt saman, sjølv om nokon nok stussa litt når det vart sagt: «Dette er Jesu kropp», i stadenfor «Dette er Jesu legeme». Men orda tyder jo det same, og legeme er jo ikkje akkurat eit ord ungdommane nyttar til vanleg.

Kyrkjelydsprest Nobukasu Imazu heldt ein tydeleg og godt poengtert andakt der han nytta gode illustrasjonar. Både i biletform, og som då han henta fram «bilmekkar» Gisle Aarbø til lesepulten. Gisle var etter oppdrag frå Nobu kledd i arbeidsklede. Poenget til kyrkjelydspresten var å få fram at på same måte som det er umogeleg for ein som ikkje har greie på bilar å mekke ein bil, er det umogeleg for oss menneske å gjera ein perfekt mekking av oss sjølve. Det er berre Gud som kan ta seg av den saka.

Songane under gudstenesta var av både gamal og ny årgang, men altså med eit meir ungdommeleg komp enn vanleg er i kyrkja.

Konfirmanten Nora Hovland tok bilete for fitjarposten.no.