Bilete for illustrasjon.Venita Nordeide Helland, Emma Martine Maraas, Eldrid Fitjar og Nora Jærer Thorland fylte lett eit par sekker med plastavfall på Ivarsøyo. Arkivfto: Kjetil Rydland.

I godvêret onsdag denne veka var ti unge jenter og gutar i miljøklubben «Grønne barn» på strandrydding i øyane.

Saman med leiarane Silje Vågen Torbjørnsen og Rita Hindersland Huse blei dei unge miljøvernarane frakta ut til Smedholmen og Ivarsøyo av dei kjappe RIB-ane til Engesund Visningssenter.

Goff Artsamai og Henriette Tranøy frå Engesund Fiskeoppdrett sørgde transporten ut til lokalitetane for plastplukking.

Etter ei god arbeidsøkt i strandkanten, Henriette sine jenter i Ivarsøyo, og Goff sine gutar og jenter på Smedholmen, bar det til Engesund Visningssenter.

Her fekk dei omvising i Visningssenteret ved Kjersti Marita Skaten, og på merdkanten forklarte Goff og Henriette litt om livet til regnbogeauren som hoppa rundt og forsynte seg med stor iver av foret som kom ut av røyret over sjøen.

Den friske båtturen i RIB-båtar var nok den kjekkaste delen av ekskursjonen – då fekk dei verkeleg vind i håret – men dei unge viste stort engasjement og fekk plukka ein god del plast.

– Det er ille at folk er så stygge med naturen! høyrde me på vegen heim.

Men dette er noko som engasjerer dei unge, og denne gongen fekk dei kombinert det kjekke og spanande med det nyttige, og fekk fjerna ein god del søppel frå strendene.

Dei unge i miljøklubben har spanande dagar, og i neste veke går turen til SIM i Svartasmoget.