Fredag 18. februar stilte 13 personar opp i Vistvik for å oppleva ein fullmånetur til Tindaslottet. Kalenderen viste at dette var rette kvelden for å få oppleva den runde februarmånen.

Følgjet gjekk opp vegen frå Vistviki klokka 19.00. Det var vindstille, men månen hadde gøymt seg bak mørke skyer. Frå skogsvegen bar det oppover ein litt ”kronglete sti” som var svært lunefull. Det enda i ein del knall og fall grunna stålis som var dekt av den kvite puddersnøen.

Ovanfor tregrensa gjekk det betre, og me kom inn på fast underlag. Myrane var frosne, og etter kvart kom me opp i skaresnøen som bar oss godt. Det var lett å gå oppover. Hovudlyktene danna ein lysande ”hale” som svinga seg mellom snøfonnene. Enkelte kom etter kvart med spørsmål om kven som hadde lokka dei med på måneskinstur utan å sjå månen? Vent å sjå, var svaret, han kjem nok enno fram…

Etter om lag to timars gange (med diverse stopp) var me oppe ved Tindaslottet. For enkelte av turdeltakarane var dette første gongen. På toppen var det også vindstille. Det vart tent faklar og laga pølsebål ute. Inne i hytta fyrte andre i ovnen.

Utan forvarsel sprakk brått skydekket opp. Fullmånen viste seg frå si flottaste side. Fjellet låg bada i månelyset, heilt fantastisk. Drøsen rundt bålet gjekk livleg. Det vart spidda pølser saman med god drikke. Vakrare omgjevnader kan ein berre drøyma om.

Med fem minusgrader vart det etter kvart litt kaldt, og me trekte inn i hytta. Her vart den eine historia avløyst av den andre. Humøret var på topp. Tida gjekk fort og etter ei stund var det tid for opprydding og nedtur.

Månen viste vegen. Hovudlykt var ikkje nødvendig å bruka før me igjen kom ned i skogen til den lumske stålisen. Vel nede ved riksvegen att viste klokka 01.30.

I staden for ein fredagskveld i sofaen hadde me ei flott oppleving me vil hugsa lenge.