Trass i full stopp i siste innleiingsheatet kjempa Ingve André Strand seg til A-finalen i dagens SM-runde i Sverige.

I A-finalen i Höljes måtte Ingve starta heilt bak, som den sist kvalifiserte. Denne gongen var det så vidt Ingve klarte å kvalifisera seg for den gjævaste finalen. Han kom seg med eit nødskrik vidare etter andreplass i B-finalen, som han så vidt kom med i etter full stans i siste innleiingsheatet.

Frå byrjinga såg alt lovande ut for Ingve i dag. Etter andreplass i første innleiingsheatet blei det siger i heat nr. 2, og i det siste innleiingsheatet såg han ut til å paradera inn til ein klar heatsiger. Men brått fekk han full stopp, og kom ikkje til mål. Det var forgassaren som hadde losna midt i løpet.

Poenga hans heldt likevel til ein plass i 5. spor i B-finalen. Her såg alt lenge heilt håplaust ut, svenskane Rikard Berglund og Andreas Carlsson hadde kontroll på dei to første plassane, som kvalifiserte til A-finale. Men heilt på slutten kom Ingve som ein rakett, og klorte seg forbi Andreas Carlsson.

Dermed blei det A-finale, der han måtte starta heilt bak, som den sist kvalifiserte. Etter som fleire av dei fremste kom gjennom løpet utan store feil, hadde han ingen sjanse til å komma opp og kjempa i toppen. Den gamle kjenningen Lukas Walfridson var ikkje til å komma på talefot med og kjørte kontrollert inn til siger føre nordmannen Simen Vardeberg. På dei neste plassane kom svenskane Peter Gillberg, Alexander Ström og Rikard Berglund, medan Ingve kom inn på 6.-plass.

Sonen Anders H. Strand måtte nøya seg med C-finale i 125 ccm-klassen denne gongen, etter å ha blitt nr. 6, 4 og 5 i innleiiande heat. I C-finalen blei Anders nr. 4, etter at han tok starten. Diverre heldt det ikkje heilt inn, men Anders kjørte betre og betre utover dagen, så det lovar godt framfor NM-runden på Lyngåsbanen neste helg.

Ingve er meir enn klar til topp innsats i første NM-runden, etter å ha fått rydda unna noko rusk i kamp mot svenskane i dag. Tilretteleggjar Sigurd André Maraas lovar i alle høve at forgassaren aldri skal losna igjen!