Kanskje det fine veret gav eit ekstra puff då litt over åtti øvrebygdarar tok turen til Solgry denne veka.

Tysdagsklubben valde å ha våravslutning på ein leirstad med høve til mange ulike aktivitetar utandørs. Dei borna som var kjende der frå før, fann seg fort ein interessant aktivitet. Men snart vart det ropt at maten var klar. Sjølvsagt var alle svoltne, for ingen hadde hatt tid til å ete middag på førehand. God, heimelaga pizza, salat og pølser med brød gjekk unna i ein fart. Ein ispinne til både liten og stor fall og i god smak, og sjølvsagt stod kaffien klar til dei vaksne.
Borna hasta ut til fleire aktivitetar, og då måtte foreldra vere med. Go Kart og mini-firehjuling vekte stor interesse. Med litt tolmod fekk alle padleinteresserte ein tur på vatnet. Som vanleg var det mange som ville hoppe på trampoline. Nokon fann glede i å prøve elektrisk minigravar eller sykle på store trehjulssyklar, medan andre spelte minigolf. Volleyball-banen såg ut til å vere dei vaksne sin arena.
Utflukta vart avslutta innandørs med andakt ved Johannes Olsen. Han spelte også gitar og song . Ei gruppe av klubb-borna framførde ein ny song som dei hadde øvd inn. Leiar i Tysdagsklubben, Karen Elisabet R. Sæbø, delte ut kort og ein cd til alle borna som var til stades. Ho nytta høvet til å takke klubbmedlemmer og foreldre for frammøtet og ønskte alle god sommar.