– Eg sykla over Dovre i dag, utrulig god kjensle å komme opp på eit fjell igjen etter ein heil dag på overtrafikkerte E6, skreiv Jon Fredrik i ein SMS til fitjarposten.no i går kveld.

– Motvinden blei faktisk ei mykje større utfordring enn sjølve fjellovergangen. Men eg er strålande nøgd med rutevalet ettersom eg no kan forlate E6 og sette kursen rett inn i Jontunheimen, legg han til.