I ettermiddag stod bussen frå organisasjonen Hjertelag Ukraina ved Fitjar kyrkje, og klesinnsamlinga såg ut til å gi minst like godt resultat som sist dei var på Fitjar.

Det var framleis god plass i bussen då me var bortom, men dei har fått inn fleire sekker enn i fjor, seier Kjersti Hatlevik.

Det er tydeleg at dei har sine trufaste støttespelarar, for fleire av dei som kom med sekker i dag, har støtta prosjektet før. I løpet av to timar i ettermiddag fekk dei inn ganske mange klessekker som skal vera med til Ukraina.

Nils Inge Hatlevik har vore med på turen nesten kvart år sidan 2002; då var han sjåfør for første gong.  I år er det avreise 3. oktober. Sjåfør Hatlevik fortel at dei reiser av garde litt før haustferien byrjar, for då er billetten med ferja frå Stavanger til Hirtshals relativt billig. Og så kjem dei heim att når prisane har gått ned etter haustferien.

Turen går gjennom Danmark, Tyskland og Polen, før dei kjem inn i Ukraina. Målet for turen er den vesle byen Malyn, som ligg om lag ein time før hovudstaden Kiev. Der møter dei representantar for ein etablert organisasjon som er med og deler ut klede og andre gåver til folk som har bruk for det.

Med på turen skal det vera seks-sju passasjerar, som kvar betaler 6700 kr for turen. Dei får då høve til å vera med og gi gåver til mottakarar der borte. Hatlevik legg til at bussen har plass til fleire passasjerar, og han ser gjerne at fleire blir med.

– Visum kan du kjøpa på grensa, så det er berre å melda seg på! smiler Hatlevik.

Sjåføren som deler på køyringa med ein kollega frå Karmøy, fortel at han gler seg stort til turen. Men han vedgår at han er spent, sjølv om han har gjort dette 12–13 gonger før.

- Annonse -

– Det er likje spennande kvar gong, smiler han.

Om du ikkje fekk høve til å levera klede i dag, har du framleis sjansen. Førstkomande laurdag står nemleg bussen til Hjertelag Ukraina bak Hydro Texaco på Heiane.