Første NM-runden i crosskart går av stabelen i Vikedal laurdag 31. mai, og me har sjansen til å sjå noko så spesielt som ein NM-vinnar frå Fitjar i aksjon.

Ingve André Strand har tre andreplassar på rad i NM i den største crosskartklassen, og håpar det er hans tur til å gå heilt til topps samanlagt i år. Men då bør han få ein god start på sesongen, og det er nettopp det han håper på når han startar NM på heimebane i Vikedal.

– Det bør gi meg ein fordel, for eg kjenner banen godt, medan ingen av dei kvassaste konkurrentane mine har kjørt crosskart på denne banen, seier ein nøktern, men optimistisk Ingve til Fitjarposten.

Dei siste sesongane har han opna med eit par «svake» løp og gitt konkurrentane litt for stort forsprang. På slutten av sesongen kjem Ingve alltid som ei kule, og har alt i alt vist seg som den jamnaste crosskartføraren i Noreg sidan 2010. Då han fekk bronsemedalje samanlagt, og sidan har det blitt tre sølvmedaljar, med hårfin margin opp til gullet.

No reknar ikkje Ingve André med nokon parademarsj på laurdag, til det er konkurransen altfor hard. Han har vore fleire turar til Vikedal dei siste vekene, og har fått kjørt ein del treningsrundar. Men han er klar over at fleire av rivalane hans allereie er komne i gang med sesongen og har kjørt løp. Derfor har dei eit fortrinn, men Ingve vonar å utlikna det med at han er den som kjenner banen i Vikedal best.

– Det er 8-10 førarar som kan vinna, seier Ingve, og eg er sjølvsagt ein av dei!

Blant dei med vinnarsjansar er det berre eit par karar som ikkje kjem, og blant dei kvassaste på startstreken er nok to blad Walfridson, Jimmi og Jonathan. Dette er ungdommar frå svigerfamilien til Petter Solberg, og der manglar det nok ikkje på satsing. Nettopp Petter Solberg er sjølvsagt eit trekkplaster under NM-runden i Vikedal. Han har ein son som kjører crosskart, og har meldt sin ankomst! Dette set sjølvsagt ein spiss på løpet, både for arrangøren, konkurrentane og publikum.

Som medlem i NMK Vikedal, og den einaste medlemen som kjører crosskart i de største klassen, håpar Ingve sjølvsagt på eit vellykka arrangement med mykje publikum og god kjøring. Han får ikkje med seg den faste «adjutanten» sin ned på startplata denne gongen. Pressetalsmann, mekanikar og altmuligmann Sigurd André Maraas er nemleg løpsleiar denne gongen. Men Ingve er sikker på at Håvard Helland og Arne Mork, som blir sjefsmekanikarar på laurdag, vil klara jobben.

Ingve nemner ein ekstra attraksjon som kan vera kjekt å få med seg. Tre miniar i alderen seks til ni år vil kjøra oppvisning i spesielle crosskartar med 270 kubikk motor med slurekopling. – Dei blir sjølvsagt veldig gode, sidan dei begynner så tidleg, seier Ingve. – Om nokre år er dei sikkert like gode som meg, og då er det på tide å slutta!

Men det ikkje sikkert Ingve treng slutta av den grunn. Som kjent har han son sin, Anders Halleråker Strand, med i crosskartsirkuset. Og han kan halda på i mange år. Rett nok har motoren til Anders havarert, men det reknar Ingve med å fiksa før løpet på laurdag. Delane er på veg frå utlandet og Ingve er ikkje uroleg for starten til junior.

Sentrum for crosskartsporten i Noreg er naturlegvis Austlandet, og det er lenger for dei å kjøra vestover eller nordover enn det er for Ingve å kjøra austover. Men 55 påmelde crosskartar til opningsrunden i Vikedal er faktisk rekord, når me ser vekk frå løp arrangerte på Austlandet. Ingve vonar sjølvsagt at mange nyttar godvêret og ser både han og sonen kjempa mot svenskar og austlendingar om heider og ære.

Nærmare opplysningar om NM-runden finn du på heimesida til NMK Vikedal.