Nokon vil seie at førestillinga kom eit år for seint. Det seier ikkje me, sjølv om det var ifjor me markerte Grieg-jubileum. Då elevane på Øvrebygda skule framførte sin levande og flotte framsyning om den kjende komponisten vår, var både dei, og me, heilt i hundre.

For det heile fungerte svært bra, sjølv med eit svært så enkelt sceneopplegg. Om det var enkelt, gjorde det likevel susen. Elevane var godt drilla, og vekslinga mellom scenene gjekk flott, utan unaudsynte pausar.

Og så songgleda, og solistinnslaga. Kjempebra!

Stykket som vart framført var "Grieg i 100 – en musikal om Edvard Grieg", med tekst av Emil Skartveit og arrangement av Sigvald Tveit. Og gjennom den varierte framføringa, fekk ein mest fullsett gymsal i Øvrebygda med seg både balladar, rap, kjærleiksviser og ein pompøs finale.

-Dette er  teamwork, seier lærar Runar Øvrebø til fitjarposten.no. Me starta med småskulen som lærte seg songane. Så kom storskulen og fiksa både skodespel og solosongar. Vanskeleg å få folk i rollene var det heller ikkje. Tvert imot. Det var mest kamp om å få vere med. Difor hadde me til dømes 4 elevar som alle spelte Grieg. Det er viktig at alle får vere synlege, understrekar Øvrebø, som rosar elevane for kjempeinnsats.

-Ein svært takknemleg gjeng å arbeide med, seier han til slutt.