Bryggen og Fisketorget i Bergen. Foto: Linn Beate Andersen.

Gamle Nyborg av Dåfjorden var blant eit utal gamle fartøy på Fjordsteam i Bergen sist helg, og me har fått tak i ein del flotte bilete frå den unike mønstringa.

Til dei som lurer på om Fitjarposten var med på Fjordsteam 2018 i Bergen i helga, kan me opplysa at det var me ikkje. Men Gamle Nyborg av Dåfjorden var sterkt til stades midt iblant 70 andre veteranbåtar og dampbåtar.

Gamle Nyborg fekk plass nesten heilt inne ved Fisketorget. Her hadde dei selskap av norske båtar frå Hammerfest i nord til Oslo og Kristiansand i sør, to båtar frå Tyskland og ein frå Rotterdam.

Øyvin Konglevoll hos arrangøren Fjordsteam er særs fornøgd med arrangementet, som samla over 50 000 menneske på Bryggen i helga. Det er den største folkefesten i Bergen i år. Han fortel at han fekk skryt av politiet etter tilskipinga – ingen blei kasta i fyllearreseten i løpet av helga.

– Det er berre skikkelege folk i alle aldrar på slike arrangement, seier Konglevoll.

Blant desse var altså Asgeir Andersen med skuta Gamle Nyborg.

Og båten til Asgeir Andersen fekk mykje positiv merksemd, av 2600 menneske som var om bord. Enkelte for å snakka med Asgeir, og andre for å komma seg vidare til MS Haugefisk og andre båtar som låg side om side i nærleiken.

Me har fått tak i ein fin bildeserie som gir eit godt inntrykk av stemninga på hamna i Bergen. Alle bileta er tekne av Linn Beate Andersen.