Kristian Isdahl køyrer dumper i jobben hos Engevik & Tislevoll AS. Så då han i dag gifta seg med  Mai Helene Korsvik i Fitjar kyrkje, var det ikkje ein vanleg brudebil som førte brudeparet frå kyrkja til selskapslokalet. Foto: Håkon C. Hartvedt

Særleg lang var ikkje køyreturen,  berre nokre hundre meter, men lang nok med ein dumper og ein vanleg, blinkande og pynta  bil framom, som varsla om at det kom noko breidt og stort. Og alt gjekk strålande bra.

Me fekk vite at Kristian i god tid hadde søkt firmaet om å få bruke dumperen til dette føremålet, og fredag kveld var doningen, som til vanleg er i bruk hos SIM,  pussa og styla på lageret Engevik & Tislevoll.

Brudeparet Mai Helene Korsvik og Kristian Isdahl. Foto: Håkon C. Hartvedt

Bryllaupet vert vidare feira på Fitjartun til ut i dei små timane i natt, og me i fitjarposten.no sender våre hjarteligste gratulasjonar.

På plass i dumperen. Foto: Håkon C. Hartvedt