Med buss, ferje og skyssbåt som framkomstmiddel hadde 53 fitjarbuarar ein flott tur til øya Sør-Hidle.

Diakoninemnda hadde planlagt tur til tropehagen Flor og Fjære. Her veks det palmer utandørs heile året. Elles kan ein bl. a. sjå eukalyptustre, citrontre, Apenes skrekk, ceder, kaktus, bambus og banantre. Fint opparbeidde dammar lagar ei fin ramme rundt dei mange blomsterbeda. Etter omvising i hagen var det tid for ein deilig tre-retters middag og kaffi. Seinare kunne ein gå fritt omkring på det store området eller sitje i sola og prate med kvarandre. Uansett alder og førleik var det god stemning også på bussturen fram og attende til Stavanger. Det vart ein lang dag pga. to timars venting på Mortavika, men ingen sure miner av den grunn.